Vintersong i Høyanger Kyrkje

Arrangementsinformasjon
                                                                        

VINTERSONG 

-ein julekonsert med                      

Sigrid Moldestad * Esbjørn Hazelius *Johan Hedin * Sigbjørn Apeland  


Dette blir kanskje ein av årets vakraste julekonsertar! Med klangar frå den nordiske tradisjonen, frå salmar og julesongar, nyckelharpa, hardingfele, orgel og tonar som varmar deg i mørketida.     


Folkartisten Sigrid Moldestad inviterer med seg den svenske duoen HazeliusHedin i tillegg til Sigbjørn Apeland på sin julekonsert “Vintersong” i år. Esbjørn Hazelius og Johan Hedin er blant Sveriges største folkemusikkstjerner og er kjende for sine inderlige songar og sitt svingande strengbaserte spel. I tillegg til duo og eigne soloprosjekt i heimlandet medvirka bl.a Esbjørn Hazelius i den skandinaviske suksessen “Jul i Folkton” på plate og konsert i fleire år. Duoen har turnert store delar av Norden, samarbeidd med Tomas Ledin og vore i Norge fleire gonger. Seinast på Førdefestivalen i sommar. Saman med Sigrid Moldestad og hennar mangeårige samarbeidsmusikar Sigbjørn Apeland, blir det garantert stemningsfulle kveldar med klare nordiske julefargar og personlige tolkningar av songar som passar mørketida til.

                       

Julekonserten “Vintersong” vart starta av Sigrid Moldestad i 2014 og har ei unik besetning kvart år. Turneen kjem til flerie deler av landet og vil vere både med trio (Moldestad/Hazelius/Hedin) og kvartett.

                       

Endelig turnerute er klar og kan følgast på www.facebook.com/sigridmoldestad 

                     

Sigrid Moldestad ( song/hardingfele/fele)
Esbjørn Hazelius ( cittern/gitar/fele/song)
Johan Hedin ( sopran/oktav-nyckelharpa/cittern/ song)

Sigbjørn Apeland ( trøorgel)

                                                       

    

sigridmoldestad
julekonsert
jul
hazeliushedin
vintersong

Restriksjoner

Kjøpte billetter refunderes ikke.